Denis Ljubovic tek over jobben som A lagstrenar og sportssjef i Øystese. Denis er opprinneleg kroat men har budd dei siste 6 åra i Norge. Denis starta sin fotballkarriere i den kroatiske toppklubben Rijeka. Han kom til Norge og Fyllingsdalen i 2014. Dei siste åra har Denis spelt for Lysekloster der han også har trent ungdomslaga og vore involvert i fotballfritidsordninga deira. No flytter Denis med familien sin til Øystese for å ta fatt på jobben som A lagstrenar og sportssjef i Øystese. Webredaksjonen har fått eit lite intervju med den nye innbyggaren i Kvam.
1 – Kvifor byrjar du i Øystese no ? Eg hadde tilbod frå fleire klubbar om å fortsette som spelar. Men eg har ambisjonar om å bli trenar og viste at det var ledig trenerjobb i Øystese so eg tok kontakt med Roger. Me har hatt ein god dialog og for meg er det ein riktig valg no å ta over som trenar og sportssjef i Øystese
2 – Kva tenker familien om å flytte til Øystese ?
Det var snakk om å flytte til Kroatia for å ta fatt på ein jobb i Rijeka men familien liker seg godt i Norge og me ynskjer å bli verande i Norge. Me trives og på små plasser foran ein storby. Tidlegare har me vore eit par gonger med Lysekloster på Øystese Cup og både kona og ungane har vore veldig begeistra for plassen
3 – Kva målsetning har du for sesongen ?
Når det gjeld trenerjobben lyt eg fyrst sjå kva spelarar eg har tilgjengeleg men eg ynskjer uansett kva nivå ein er på å ha eit profesjonelt opplegg. Eg ynskjer og å gje unge spelarar sjansen. Eg har sjølv vore ung spelar i eit lag og veit kor viktig det er å få sjanser. Når det gjeld sportssjefsjobben har eg ei målsetning om raskast mogleg å bli kjent med spelarane/trenarane/oppmenn og andre ressurspersoner i klubben. Det innebær raskast mogleg å komme meg på alle laga sine treninger
4 – Kjem du til å spele sjølv ?
Eg likar å halde meg i form og vil sjølvsagt vera tilgjengeleg for klubben men om det finnes unge gode midtstoppere skal ikkje eg stå i vegen for dei. Uansett vil nok ein lang sesong med skader og karantene gjere at det vert bruk for alle i ein tropp
5 – Nokon avsluttende ord ?
Håper folk i Øystese tek godt i mot meg og min familie! Me gleder oss til å bli kjent med klubben og bygda

Dette skriv lokalavisa på Os om den nye kvemmingen:

https://www.midtsiden.no/denis-ljubovic-i-ny-klubb