4 talentfulle og treningsvillige unggutter tas opp i A stallen.
Dette er:
Samuel Skåre (14 år) Samuel er ein løpsterk midtbanespelar. Han er bror av mangeårig Øystesekaptein Sebastian Skåre som fekk proffkontrakt med Sandviken i fjor. Samuel flytta til Øystese frå Holmlia i 2009 som 4 åring og er i sterk konkurranse med Anders om tittelen som Soldals beste fotballspelar
Kva ambisjonar har du med fotballen ? Bli god og spele på lag med bror min på Øystese sitt A lag på sikt

Anders Botnen (14 år) Anders er ein hardtskytende midtbanespelar/angrepsspelar. Anders er ein fysisk sterk spelar med ein frykta dødballfot. Anders har hospitert opp på eldre lag i mange år og vil no hospitere med A laget. Anders bur 50% av tida på Soldal og har derfor gitt Samuel kamp om tittelen som Soldals beste fotballspelar.
Kva ambisjonar har du med fotballen ? Bli best mogleg. Kanskje bli so god at eg må gå videre frå Øystese

Heine Skåre (15 år) Heine er ein lynrask angrepsspelar. På grunn av hans gode fotballforståelse har han blitt benytta i dei fleste posisjoner på banen men farten og avslutteregenskapene gjer at Denis ser på han som spiss. Som navnet tilseier er Heine i slekt med Samuel. Dei er tremenninger. På Gartveit har Heine konkurranse av Matias Møvik som Gartveits beste fotballspelar.
Kva ambisjonar har du med fotballen ? Bli god og ha det kjekt med fotballen

Bienvenue Matare (17 år) Bienvenue eller Biave er ein teknisk elegant fotballspelar. Som Samuel kom Biave til Øystese i 2009 men Biave kom ikkje frå Holmlia han kom frå Kongo. Biave har i alle år hatt teknikken som sin fremste egenskap. Han kan drible alle og har og ein presis frispark og innleggsfot. Biave fekk sine fyrste kamper på A laget allerede i fjor og er no klar til å bli ein del av stallen
Kva ambisjonar har du med fotballen ? Bli so god som mogleg gjennom å trene hardt