Os 2 som spelar ein divisjon over Øystese var motstander i kveldens treningskamp. Forholda var ikkje dei beste for kvalitetsfotball. Men på eit snødekt Kuventræ tok Øystese leiinga tidleg i kampen. Baste Jonassen scora etter corner. Baste måtte seinare i fyrste omgang ut med skade som medførte at Matias Møvik måtte spela i ein uvant midtstopperposisjon. Det gjekk fint for det blei aldri nokon baklengs for Øystese. På motsatt side putta Øystese eit til slik at sluttresultatet vart 2-0 til Øystese. I fjor på samme tid tapte Øystese tilsvarande treningskamp med 8 mål so litt betre resultat i dag. Dette var Øystese sin andre treningskamp i 2020. Den fyrste enda med 3-1 siger over Fyllingsdalen 2