Alle aldersbestemte lag er no i full sving med seriekamper. 19 kamper for Øystese sine lag sist veka. Det enda med 15 sigrar, 2 uavgjort og 2 tap  Her er oversikt over alle Øystese sine lag og deiras aktivitet siste veka.  

Jenter 17 er so pass mange spelarar at dei stiller to lag. Eit i andre og eit i tredje divisjon. Tredjedivisjonslaget hadde besøk av Frøya sist søndag og Øystese tok alle tre poenga og vann 5-2. Andre divisjonslaget var på tur til Austevoll på søndag og kom heim med 1 poeng etter 2-2 i havgapet 

Jente 15 som er eit samarbeidslag med Norheimsund slo til med storsiger 13-0 mot Djerv på tirsdagen

Jenter 13 spelte borte mot Osterøy på lørdag og måtte reise heim utan poeng då heimelaget vann 3-1

Jenter 12 hadde heimekamp mot Ålvik på tirsdag og også her vart det storsiger med 10-2 til dei blå jentene

Jenter 11 hadde heimekamp lørdag mot Sandviken Hotdogs. Det endte og med storsiger til Øystese jentene som vann 7-1

Jenter 10 hadde heimekamp på torsdag mot Bergen Nord. Den endte med 4-1 siger til jentene frå Øystese. Før det so rakk dei også ein treningskamp mot Norheimsund dagen før som enda med 8-0 til Øystese jentene

Menn Junior som er eit samarbeidslag med Norheimsund
møtte Tertnes på heimebane og sikra seg eit poeng etter 1-1

Gutter 15 som er eit samarbeidslag med Norheimsund møtte og Tertnes på heimebane søndag og kunne notere seg for 3 poeng etter å ha vunne 3-2

Gutter 14 som er eit samarbeidslag med Norheimsund møtte på Tertnes på bortebane søndag og kunne reise heim att til Kvam med tre poeng etter 6-1 siger på bortebane 

Gutter 13 er so mange at dei har måtte dela seg i to lag. Det eine laget møtte Norheimsund til lokaloppgjer på tirsdag. Øystese 1 gjekk sigrande ut av det lokaloppgjeret og vann 5-1.  Øystese 2 var til Åsane og møtte Tertnes. Også her tok gutter 13 alle poenga då dei vann 6-0 på bortebane. Øystese 1 hadde ny kamp på søndag med bortekamp mot Bergen Nord og på ny vart det tre poeng til 2007 guttane då dei vann 4-0

Gutter 12 hadde bortekamp torsdag mot Åsane Frosk og fekk seg eit 7-1 tap mot heimelaget

Gutter 11 hadde ingen seriekamper denne veka men fekk to ekstra kamper i Øystese Cup siste helga som dei vann med henholdsvis 6-0 over Varegg og 3-0 over Arna/Bjørnar

Gutter 10 har og so mange spelarar at dei må delast i to lag. Eine laget var torsdag til Åsane og spelte kamp mot Åsane Storm. Øystese tok sigeren heim med 6-4. Den andre laget tok samme dag i mot Valestrand på heimebane. Det endte med 9-3 siger til Øystese

Neste veke startar også kampane for dei under 10 år då Hardangerserien starter