Øystese meldte på eit lag i miksklassen i årets Norway Cup. Då miksklassen vart kansellert valde laget å stille i gutter 17 klassen. Sjølv om ein møtte reine guttelag med eit mikslag klarte laget seg bra. Laget vart nummer 3 i puljespelet og kom til B sluttspelet. Ein slapp 16delsfinale og møtte Bergen Nord i 8delsfinalen. Sjølv om Bergen Nord tok leiinga snudde Øystese kampen og vann komfortabelt 4-1 etter scoringer av Torstein Valland Fykse, Anders Botnen (2) og Thea Fykse. I Kvartfinalen møtte Øystese langvegsfarande Honningsvåg. Ein jevn kamp der laget frå Finmark tek leiinga. På slutten av kampen flytter Øystese opp fleire spelarar og får betalt for presset. Anders Botnen utliknar til 1-1. Det vert ikkje fleire mål verken i kampen eller ekstraomgangene slik at kampen må avgjerast på straffespark. Øystese starter med å bomme men etter det set dei alle straffane og når då Honningsvåg bommer på to kan Øystese sleppe jubelen laus. I semifinalen var spelarane frå Øystese sletne etter 2 kamper på samme dag og ein kom aldri heilt inn i kampen. Tap 3-0 og cupeventyret var over