Ynskjer du å bli kjent med fleire folk?  Ynskjer du å bli med på ein kjekk og sosial kveld?  Ynskjer du å få smakt mykje god mat?  Viss svaret på noko av dette er JA må du bli med på Gourmet tour de Øystese 16 september.  Konseptet er som følger:  60-80 personer deltar.  Det vert delt inn i grupper på 8-10 personer som sykler til forskjellige adresser sentralt i Øystese for ein forrett. Deretter vert det delt inn i nye grupper på 8-10 som sykler til nye adresser sentralt i Øystese for ein hovudrett. Deretter vert det delt inn i enda nye grupper på 8-10 som sykler til nye adresser sentralt i Øystese for ein dessert. Til slutt samles alle til kaffe i Holmatun
Tanken er at du skal bli bedre kjent med masse folk. Du vil få dele eit måltid med opptil 30 personer som du kanskje ikkje kjenner so godt. Ein del av deltakarane som bur sentralt vil bli bedt om å halde forrett/middag/dessert. Alle kan delta , uavhengig av kvar du bur.  Det einaste som kreves er at du kan sykle og er innstilt på å ha ein kjekk kveld. Kostnad pr prs er 100 kroner. Desse pengane går til dei som vil ta på seg å arrangere forrett/middag/dessert. Lengst sykkelavstand for å komme til forrett/middag/dessert vert Børvenes/ Vavoll, Mo, Gartveit, Laupsa, Torpe. Det vil sei bur du lengre vekke er du sjølvsagt hjertleg velkommen til å delta men det vert ikkje noko mat heime hos deg
Påmelding til Roger Vassnes på 91308155 /Messenger / rvassnes@gmail.com

Her kan du finne ut om ho/han du har høyrt so mykje rart om faktisk er heilt idiot eller om ho/han tilfeldigvis er ein hyggeleg person.