Dagane går fort, det nærmar seg cupstart for Kiwi Bama cup Øystese.
31.mai – 2.juni er det cuphelg 1.
7. – 9.juni er cuphelg 2.
Det er påmeldt over 250 lag, 2500 spelarar, og over 500 kampar avviklast. .
Alle lag skal ha fått individuell oversikt over kvar dei spelar og kva tid dei spelar og eventuelt kvar dei bur.
Det har vore ein del endringar undervegs og det er derfor fint om alle lag dobbeltsjekker med oppdatert kampoppsett som ligg på Øystese Fotball si heimeside. Dei laga som skal overnatte/ha frokost/middag MÅ komme innom hovedsekretariatet å hente matkuponger. Desse treng du når du skal inn til frokost og middag.

INFORMASJON
Her finn du mykje nyttig informasjon, anten du er spelar, forelder, trenar, tante eller interessert tilskodar:
cup.oystesefotball.no
Her ligg kampoppsett, baneoversikt, informasjon kring allergiar, overnatting, parkering, mat og mykje anna.

OVERSIKTSKART
Øystese cup – Google My Maps
Eige kart der dei fleste viktige stadar er lagt inn.

Me ynskjer velkomen til cuphelg, og ynskjer alle ei retteleg god oppleving!

TRAFIKK
Dei laga som skal delta fyrste helga håper eg har kontroll på utfordringane med Bergen-Voss på laurdag formiddag!
sjå Statens vegvesen sin app eller nettsida deira for siste trafikkinformasjon, vegvesen.no/trafikk.