A laget som har levert ein bra vårsesong fekk ein tung start på haustsesongen. Serieleiar Nest Sotra kom til Øystese for å trygge serieleiinga. Heimelaget sin 2005 generasjon er reist i militæret og det har medført at bærebjelker som Anders Botnen, Samuel Skåre og Lars Kaale ikkje vert å sjå på banen i haust. Sjølv med stort press frå bortelaget klarte Kvam sine beste menn å ri av stormen i fyrste omgang og kunne gå til pause med 0-0. Vona om heimepoeng vart raskt slukka i andre omgang då Nest Sotra fekk eit par kjappe mål. Siste halvtimen var det envegskjøring og resultatet vart 0-6 og Nest Sotra kunne forlate Øystese med tre poeng i bagasjen