Alle som er aktive medlemmer av Øystese Fotball betaler treningsavgift inn til kontonummer 3633 54 21579. Har ein vansker med å betale ta kontakt med nokon i styret so ordner me dette. Men utan slik avtale skal INGEN som ikkje har betalt spele kamper for Øysteselag i 2025.  Øystese Fotball forsikrer alle spelarar på trening og i kamp under forutsetning at treningsavgift er betalt. Det er derfor fint om treningsavgift vert betalt so snart som mogleg slik at du er forsikra frå dag 1. er som følger

Born fødd i 2019 – 2013 (barnefotball)             700
Born fødd i 2012 – 2006 (ungdomsfotball)      1500
Senior                                                        1800
Trimgjeng/Sofaslitere/Husmødre/Old Boys      700

I tillegg til treningsavgifta skal ein stå som medlem i Øystese Fotballklubb.  Dersom du ynskjer å vera med å bestemme må du vera medlem for å kunne avgje stemme på årsmøter og liknande

Gjeldande satsar:
Familiemedlemsskap :                   500 ,-
Aktiv vaksen (over 18) :                 300 ,-
Born :                                         300,-
Støttemedlem                               100,-

                                                   DUGNADER

Alle foreldre som har born i fotballen (dvs spelarar frå 2006-2019) vert kalla ut på EIN dugnad i løpet av året. Den eine dugnaden er Øystese Cup som vert avvikla 23-25. mai og 30. mai-1. juni. Her vert alle foreldre kalla ut på dugnad. Ein unge i fotball = Ein foreldre vert satt opp. To eller fleire unger i fotball = To foreldre vert satt opp. Spelarar over 14 år vert i tillegg kalla ut som seg sjølv.  Dette er hovudinntekskilda til Øystese Fotball og derfor viktig at alle stiller. 1 dugnad på 4 timer er uansett svært lite i løpet av eit år samanlikna med andre lag og organisasjoner.

Tidspunkt        Kva                       Kven blir kalla ut på dugnad

23-25. mai    Øystese Cup der Øystese lag deltar.   Foreldre 2019-2013
30. mai–1. juni.     Øystese Cup uten Øystese lag.     Foreldre 2012-2006 + spelarar over 14 år (2011 modeller)

GRASROTANDEL

Ein enkel måte å støtte Øystese Fotballklubb er ved å knytte sin grasrotandel til Øystese Fotballklubb. Dette koster ingenting. Det einaste du treng gjera er å sende ein SMS til 60000 der du skriv; Grasrotandelen 919504897
GJER DETTE I DAG!

Styret i Øystese fotball