Våren er i anmarsj, og fotballsesongen nærmar seg.
Nettsida har fått eit lite lyft den siste tida, med oppdatert informasjon og forenkling.


Vonleg skal det vera lettare å finna informasjonen du leitar etter.

Alle laga frå 10 år og oppover har kampinformasjon for seriekampar knytt til fotball.no, og me har no lagt inn kalendrar som er knytt til fotball.no, slik at du lettare finn det som skjer:


– kampar Øystese idrettsplass (ligg under menyvalet kampar)
– kampar alle lag Øystese og Norheimsund (litt nede på framsida)

Kalendrane fungerer best på nettfjøl/pc.
Diverre er det ikkje noko god løysing på mobilvenleg versjon av kalenderane pr. no, men noko betre om du snur telefonen (horisontal vising)

For alle fotballinteresserte anbefalar me og å lasta ned appen MinFotball.
Her kan du søkja opp laga du vil fylgja. Då kan du få varsling om kampresultat, endringar i kampar, liveoppdatering på nokre lag og anna informasjon.
Les meir her

Me ynskjer alle lag lukke til med sesongen, og håpar på mange gode fotballopplevingar!

Ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål, eller forslag til forbetringar.

Kampplan vert gjennomgått.