5 divisjon herrer starta på fredag og Kråmyra var på besøk i Øystese. Kråmyra er eit studentlag beståande av studenter frå Ålesundområdet. Dei spela 6 divisjon i fjor og debuterte i 5 divisjon. For heimelaget var det og mange debutanter då fleire unge spelarar fekk sitt fyrste møte med seniorfotball. Sjølve kampen starta jevnt med eit lite overtak til studentane. Kråmyra tok og leiinga i kampen. Heimelaget pressa på for utlikning og det var ikkje ufortjent då Are Tvedterås Fagervik satte ballen i krysset frå 16 meter. To uheldige balltap sørga for at Kråmyra leia 3-1 til pause. Etter pause fekk Kråmyra straffe etter hands. Den satte Kråmyra sikkert i mål. Og då dei satte inn 5-1 kort tid etter var kampen i realiteten over. Eit trøstemål på slutten då Tord Myrvold Aksnes skyter via ein Kråmyra forsvarer og i mål. Dermed tap 2-5 i serieopninga for A laget
Kampen var ikkje so mykje å skryte av men i kamptroppen var det ein far og ein sønn. Sjølv om dei ikkje var samtidig på banen var både Rune Kolltveit Øvsthus og sønn Eirik Kolltveit Øvsthus i aksjon på Øystese stadion. Det er ikkje ofte far og sønn spelar samme kamp og sist var for 8 år sidan (sjå link)