Bedriftscup

Øystese Fotball inviterer på nytt til Sparebanken Vest bedrifts cup. Dette er ein uhøgtidleg fotballturnering for bedrifter som vert avvikla laurdag 23 august i Øystese. Me kjem til å seede laga i innledande puljespel slik at det vert jevnast mogleg kamper i starten. Det er både herreklasse og dameklasse

På kvelden etter turneringa vert det premieutdeling og storslått bankett i idrettshallen i Øystese. I fjor var det 280 fotballspelarar (og nokon som berre ville på bankett) som skapte god stemning på banketten. Vert nok ikkje færre i 2025

Regler:
Me anbefaler sterkt å lese reglane nøye slik at me unngår masse diskusjon i sekretariatet. Det er ein egen turneringsjury som tek seg av klager. Men hugs dette er mest moro (og litt alvor) Det er 7er fotball og kvar bedrift kan maks ha 1 aktiv på laget og totalt maks 14 spelarar på laget
(Aktiv defineres som ein som har spelt seriekamper for Øystese/Norheimsund sitt herrelag eller andre herrelag i kretssystemet i 2023)

Består bedrifta av mest menn stiller de i herreklassen. Består bedrifta av mest damer stiller de i dameklassen

Bonussstraffer for å bruke damer/herrer på laget.  Kvart lag i herreklassen får ein bonusstraffe pr dame som er med på laget. Dette skal då vera damer som speler kampen og dei tek straffen sjølv. Det er i tillegg ein bonusstraffe til det laget som er eldst totalt sett av dei to laga som møtes.  Bonusstraffer for antal damer og alder vert tatt etter kampen er ferdig.
I dameturneringa vert det negativ straffer om du har med menn. Laga i dameturnering kan ha maks to menn med og det vert ein straffe pr mann til motstander som kan tas av kven som helst på det andre laget

Kampane er på 2×12 minutt i innledande runder og cupspel.  I finalen vert det 2×15 minutt

Er det uavgjort ved full tid i cupspel vert det avgjort på straffespark konkurranse.

Deltakarane på laget skal vera ansatte i bedriften og ikkje innhenta vikarer for dagen men du treng kun å stå på lønningslista og ikkje ha 100% stilling

Heile Hardangerfjord Hotell er booka til besøkende bedrifter. Bedrifter utanfor Kvam tar kontakt med oss om ein treng hjelp til overnatting.

Påmelding av lag/bedrift kan du gjera til post@oystesefotball.no. Påmeldingsavgift pr lag er 900,- som betales til 3633.54.21528. Påmeldingsfrist er 1 august eller før om det vert fullteikna. Velkommen til ein uhøgtidleg og morsom turnering.