Premissane før dagens kamp var klare. Om Øystese sitt jenter 16 lag tok meir enn 1 poeng mot NBK/Radøy i kveldens kamp vart dei seriemester ein runde før serieslutt. Kampen starta jevnt men etter 10 minutter runda Ida Gjerde Rykkje keeper og satte sitt fyrste mål for dagen. NBK/Radøy hadde eit par sjanser men dei vart stoppa av Øystese sin keeper Stine Arntzen Bjørke. Ida putta 3 nye mål slik at Øystese kunne gå til pause med ein komfortabel 4-0 leiing. Øystese fortsatte presset i andre omgang og sjølv om NBK/Radøy fekk ei redusering var det aldri tvil om at alle poenga vart att i Hardanger. Ida Gjerde Rykkje putta 9! mål og kampen enda 9-1 til Øystese sitt jenter 16 lag. Trenar Robert Rykkje og jentene kan dermed feire seriemesterskap ein runde før serieavslutninga. Tabellen finn du her: