Øystese Fotball har ein 30 år lang tradisjon med å sende 11-14 års laga til Sogndal Cup. 14 års laga deltok ikkje i år då dei har vald andre cuper men til saman 7 lag (3 av dei samarbeidslag med Norheimsund) tok turen til Sogndal.
Laget som gjorde det aller best sportsleg var jenter 13 som er eit samarbeidslag med Norheimsund. Dei havna i ei jevn pulje i innledande runde der dei starta med å tape for Åsane men vann deretter dei to neste slik at samla vann dei pulja og var klar for A sluttspelet. På vegen til finalen slo dei Bergen Nord i åttendedelsfinalen, Volda i kvartfinalen og Aksla i semifinalen. I finalen var det slutt på kreftene og Askøy vart for sterke. Uansett ein sterk prestasjon og jentene reiser heim med sølv
Gutter 13 kom også til A sluttspelet. Dei og gjekk på tap i fyrste kamp men etter uavgjort i andre kamp og storsiger i tredje kamp var dei klare for A sluttspel. Mot eit godt Høyang lag vart det 1-1 men desverre for Øystese hadde Høyang fleire cornere enn Øystese. Dermed rauk ein ut på surast mogleg måte
11 og 12 års laga har ikkje sluttspel
Gutter 12 hadde ein tøff start under cupen men heva seg utover i turneringa og avslutta med siger mot Bergen Nord og eit knepent 4-3 tap mot Søre Neset
Jenter 12 hadde med to lag som begge er samarbeidslag med Norheimsund. Totalt var dei 18 stk som var fordelt på to lag. Marginane var både for og mot og enda i tre tap, ein uavgjort og 6 sigrar, Litt korte netter i sovesal gav ingen dempar på god stemning
Gutter 11 var litt få til cup. For at laget skulle ha innbyttere måtte dei ha med eit par frå Øystese gutter 10. Laget starta turneringa sterkt og vann dei fyrste kampane. Når skadene kom og dei ikkje lengre hadde innbyttere vart det tungt og det enda med tap dei siste kampane
Jenter 11 mangla og eit par av sine stjernespelarar. Det såg ikkje ut til å påvirke dei og Øystese vann alle sine kamper bortsett frå eit knepent 5-4 tap mot vertslaget Sogndal
Mange sigrar og mange tap. Viktigast av alt er samhald og idrettsglede. Øystese Fotball takkar alle trenarane og foreldra som har bidratt til at 7 lag fekk ei positiv cuphelg fylt med masse fotballmoro i Sogndal