
Denis Ljubovic har fått seg jobb i toppklubben NK Rijeka. Han forlater derfor Øystese og reiser heim til Kroatia. Denis flytta til Øystese for fem år sidan og har gjort ein god jobb på fleire nivå den tida han har vore i Hardanger. Starten av Denis sitt opphald i Øystese vart amputert pga corona. Dei siste to åra har Denis vore trenar for samarbeidslaget Øystese/Norheimsund på seniornivå samt han har trent g16. Øystese Fotball ynskjer Denis lykke til i Kroatia og takkar for innsatsen. Webredaksjonen har stilt Denis eit par spørsmål på veg ut døra
1 – Kva er ditt beste minne frå Øystese? Mitt beste minne er defintivt folkene i Øystese. Både eg og min familie er veldig knytta til Øystese og folkene der. Dei betyr alt for oss og me vil savne dei veldig mykje. Viss eg skal velge eit fotballminne er det når me rykka opp til 4 divisjon med god stemning på tribunen.
2 – Korleis trur du det vil gå med laget i haust ? Eg veit at laget har stort potensiale. Viss alle kan prioritere kampene vil laget ta mange poeng i høst. Eg er sikker på at dei unge spelarane vill fortsette å utvikle seg til å bli nøkkelspelarar om kort tid. Framtida ser lys ut
3 – Vil me sjå deg i Øystese i framtida ? Øystese vil alltid ha ein spesiell plass i hjertet mitt både personleg og proffesjonelt. Eg håper virkleg eg kan komme tilbake på besøk i framtida og kven veit. Kanskje kan eg bli involvert i fotballen også ein gong i framtida. Øystese er uansett mitt andre hjem
Øystese Fotball takker Denis for innsatsen og ynskjer både han og familien lykke til i Rijeka