
Øyvind Nordtveit er klar som trenar for Øystese/Norheimsund sitt A lag. Det er ikkje fyrste gongen Øyvind trener lag i Øystese. Allerede i 1992 trente han damelaget i Øystese medan han gjekk på skule her inne. Øyvind er èin gladgut frå Baldersheim og trente Øystese sitt herrelag med stor suksess i 2009 då laget rykka suverent opp frå 4 divisjon til 3 divisjon. Den gongen lokka eit liv i toppserien og Øyvind forlot Øystese til fordel for Sandviken sitt damelag i toppserien. I heile 12 år trente Øyvind damelag på toppnivå. Sandviken (no Brann) og Arna Bjørnar fekk gleden av å ha han som trenar. For tre år sidan vendte Øyvind tilbake til herrefotballen og har vore assistenttrenar i Lysekloster dei siste tre åra. Heldigvis for Øystese/Norheimsund sin del so gav han seg der i sommer og var ledig no når Denis Ljubovic fekk sjansen som topptrener i Kroatia. Øyvind har europeisk fotballs høgaste utdanning med UEFA Pro lisens og har og vore mykje brukt av kretsen på kretslag. Til daglig leiar han fotball linja på METIS vidaregåande. Me har spurt han 3 spørsmål på veg inn døra
1 – Kvifor tek du over eit lag som ligg håpløst til på tabellen ? Det passa veldig fint tidsmessig med tanke på at jeg ikke har trenarjobb nå og kan kombinere det med jobb på Metis. Jeg tror det blir en fin utfordring å få jobbe med de unge spillerne i Øystese/Norheimsund. Hovudfokus er å tenke utvikling og ikke ha for mye fokus på tabellsituasjonen
2 -Kva er ditt beste minne frå Øystese ? Beste minnet er opprykket i 2009. Kameratskapet og det gode miljøet i spillergruppa og alle som var involvert rundt klubben. Et av mine kjekkeste år som trener
3 – Kva er målsetninga for haustsesongen ? Målsetninger for høstsesongen er å utvikle spillere og laget, og da bli så gode at vi tar nok poeng til å holde plassen i divisjonen