A laget tok årets fyrste poeng i fyrste haustkampen. Ein tung vår gav 0 poeng men no er poengfangsten begynt! Kråmyra som slo oss 5-2 i fyrste vårkampen er eit bra lag med fleire gode spelarar. Kråmyra starta og kampen best og hadde fleire gode sjanser. Men ein god Vinjar Voster haldt bortelaget inne i kampen. Samuel Skåre som har vore eit år i militæret var klar for sin fyrste kamp for sesongen. Ein fin ball i bakrom frå Jostein Kaale gav Samuel det rommet han trong for å kontant sette ballen i mål bak Kråmyra sin keeper. 1-0 leiinga holdt seg til det var 10 minutter att. Heroisk innsats frå alle mann sørga for at trua på tre poeng var sterk. Kråmyra har fleire gode sjanser men får fyrst uttelling på ein kaotisk situasjon. Ein lang ball på Kråmyra sin ving vert klart og tydleg markert offside av linjedommer. Alle mann både på heimelaget og bortelaget slutter å spele men so roper dommer fortsett å spel. Ballen vert då spelt over på motsatt ving og der står det ein Kråmyra spelar mutters åleine. Åleine med keeper setter han inn 1-1. Øyvind Berge får ein sjanse på overtid og vert kanskje også felt inne i Kråmyra sin 16 meter men basert på antal sjanser er det ikkje urettferdig at Kråmyra tek eit poeng. Uansett også eit poeng med heim til Hardanger og poengfangsten er begynt
