Brann sitt g15 lag var nyleg på Surfcup i Barcelona. Med til Spania var Øystesespelar Leander Mæland. For tippeligalagene sine ungdomslag har NFF laga ein ordning der andre klubber sine spelarar er speleberettiga og derfor kan Brann ha med både Leander og andre klubber sine spelarar på sitt lag. Leander var ikkje berre med Brann men ein stor faktor til at laget kom seg til finalen. Leander vart nemleg toppscorar i heile turneringa. I finalen møtte Brann spanske Villareal. Etter 1-1 ved full tid trakk Brann det lengste strået i straffespark konkurransen. Øystese Fotball gratulerer Leander med turneringssiger og toppscorartittelen
Leander skaut Brann til topps
Av rvassnes|2025-12-02T16:37:06+01:002. desember 2025|Kommentarer er skrudd av for Leander skaut Brann til topps