Ida Gjerde Rykkje har hospitert med Brann og Kniksenakademiet lenge.
Ho har via NFF sin ordning med nasjonale lag kunne spelt på Brann sitt nasjonale jenter15 eller jenter16 lag samtidig med at ho har bidratt lokalt for jenter 16 laget og jenter 19 laget.
Og ho har bidratt til dei grader med mål for heimklubben. På Øystese/Norheimsund sitt jenter 16 lag har Ida stått for 76 mål. Eit vannvittig snitt på over 5 mål pr kamp. På Øystese/Norheimsund sitt jenter 19 lag har Ida stått for 35 mål. Eit snitt på 2,5 mål pr kamp.
Fleire dameklubber har notert seg denne enorme målteften og det har vore fleire henvendelser til Øystese på Ida.
Valget er no tatt om å spele for Brann 2 i andre divisjon i 2026.
Sidan det her ikkje er mogleg å hospitere vert det ein permanent overgang til Brann.
Øystese Fotball ynskjer Ida lykke til i Brann i 2026
