
Trenarteamet har kåra årets spelar og årets unge spelar i 2025. Webredaksjonen har fått ein prat med begge
Årets unge spelar 2025 vart Porsmyrs store stjerne: Samuel Skåre. Samuel er bror til Øystese legende Sebastian Skåre og leverte ein sterk haustsesong på kanten (var i militæret i vårsesongen). Samuel leverer alltid maks innsats og er ein konstant trussel mot eit kvart forsvar. Han er ein x faktor i Øystese sitt angrep og vart berre bedre og bedre utover hausten. Samuel er og ein av dei med høgast treningsoppmøte og me gler oss til å sjå han i aksjon i 2026 etter å ha fått full sesongoppkjøring
Årets spelar 2025 vart ein av stallens yngste spelarar. Vinjar Voster som kun var 16 år ved sesongstart har blitt ein trygg sisteskanse. Få A lag har ein like ung sisteskanse. Vinjar er trygg med ball i beina og flink å dirigere sine eldre lagkamerater. Tok store steg i 2025 og me gler oss til at han tek like store steg i 2026
Webredaksjonen har fått eit par ord med gutta:
Kva tenker du om at du er kåra til Årets unge spelar/Årets spelar ?
Samuel: Er veldig gøy å bli kåra til årets unge speler. Veldig gøy å komme tilbake etter 1 år uten å spele aktivt og kunne prestere for laget.
Vinjar: Veldig kjekt og motiverende for min del og få utdelt prisen,. Kjenne på ein etterlengta fotballglede som endelig kjem tilbake. Sette veldig stor pris på lagkameratene rundt som gjer da kjekt å ve på trening, og da nye trenarteamet, særlig keepertrenerKim, som hjalp meg med å ta skritt i haust. Veldig glad for å få bidra til laget i heilhet.
Kva tenker har du om 2026 sesongen ?
Samuel: Er veldig motivert etter mye motgang sist sesong og klar for å hevne oss i breddefotballen. Ting skjer og vi henter speler som vil hjelpe oss å vinne kamper. Håper at det blir bra med oppmøte på trening fordi da veit vi og eg at vi kommer til å se resultater både på og av banen.
Vinjar: Har store ambisjoner om å rykka opp igjen, Har nesten aldri vå lika gira som å komma i gang igjen som no. Veldig spent på nye spelara te laget, og håpe da blir eit kjekt år med massevis av fotballglede
Webredaksjonen gratulerer Samuel og Vinjar med pris og ynskjer dei og A laget lykke til i 2026