Kevin Matare er ein av A lagets mange unge spelarar. 19 år gamle Kevin var den som utvikla seg mest i 2025 og fekk prisen Årets mest framgangsrike spelar for 2025. Kevin er ein slepen midtbanespelar med eit enormt driv i spelet sitt. Han er ein publikumsfavoritt som på sitt beste er ein fryd å sjå på. Me gleder oss til å sjå at han tek nye steg i 2026 og blir ein enda betre spelar
Webredaksjonen har fått eit par ord med ungguten
Kva synest du om å ha fått prisen årets mest framgangsrike spelar for 2025 ? Eg synst det var veldig kjekt å bli kåra til årets mest fremgangsrike spelar. Det ga meg meir motivasjon til å fortsette å jobba hardt og bli enda betre i 2026
Kva tenker du om sesongen 2026 ?. Eg gleder meg til sesongen som kjem, Eg har veldig trua på at me kjem til å gjera da veldig bra etter alle dei gode og seriøse treningene me har hatt hittil i år
Då er det berre å komme seg på kamp i 2026 for å sjå om Kevin fortset å utvikle seg
