Mange lag deltek i Øystese Kiwi Bama Cup år etter år. Og turneringsleiinga er glad for å sjå lag som kjem tilbake år etter år for det er eit teikn på at dei har hatt det bra. Men kvart år dukker det også opp nye lag i Øystese Kiwi Bama Cup. I år deltek blant anna Hyllestad og Selbjørn for fyrste gong. Men eit enda meir eksotisk innslag dukka opp blant påmeldte lag: Polzeath FC. Kva lag er det tenker du kanskje ? Her kjem eit lite intervju med trenaren til Polzeath

1 – Kven er Polzeath FC og kvifor kjem de til Øystese ?
Polzeath FC er ein liten fotballklubb frå Nord Cornwall i England. Klubben vart stifta i 2017 med eit mål om å skape eit positivt og inkluderande tilbod for barn og unge i området. Som trenar for klubbens U11 lag (gutter fødd 2014) har me til no aldri reist lengre enn til nabofylket på turneringer og kamper. Eg har lenge hatt eit sterkt ynskje om å gje guttane muligheten til å oppleve ein fotballtur til Vestlandet der eg sjølv vaks opp og fortsatt reiser på ferie. Og det er derfor ekstra stort for oss å få til dette no .

Polzeath er ein liten kystlandsby kjent for stranda si, surfing og turisme men området er også landlig med mykje jordbruk og eit tett lokalsamfunn. Klubben vår gjenspeiler dette miljøet – uformell, inkluderande og med stor vekt på fotballglede og fellesskap.


2 – Kva ser guttane fram til når dei skal til Øystese, Hardanger og Norge ?
For guttane vert dette ei heilt spesiell oppleving. Ikkje berre fotballmessig men også kulturelt. Å få reise til eit nytt land, møte norske lag og oppleve kvardagen, naturen og kulturen på Vestlandet vil bety enormt mykje for dei, både som spelarar og mennesker. Me gleder oss veldig mykje til å besøke Øystese og delta i turneringa

Øystese Fotball ynskjer Polzeath FC hjartleg velkommen til cup i mai og skal sørge for at dei får eit minnerikt opphald