Foreldre- og trenarinfo2025-03-07T07:23:29+01:00

Dei yngste laga spelar i Hardangerserien som er ein lokal serie der terminlister vert sett opp lokalt.
Frå 11 år og oppover er laga påmeldt i kretsseriar og kretsen set opp terminliste.
Alle barnefotballag er direktepåmeldt Øystese cup.
J11/G11/j12/g12/j13/g13/j14 og g14 er aktuelle for påmelding Sogndal – Lerum Cup.

Alle som er aktive medlemmer av Øystese Fotball betaler treningsavgift inn til kontonummer 3633 54 21579. Har ein vansker med å betale ta kontakt med nokon i styret so ordner me dette. Men utan slik avtale skal INGEN som ikkje har betalt spele kamper for Øysteselag i 2025.  Øystese Fotball forsikrer alle spelarar på trening og i kamp under forutsetning at treningsavgift er betalt. Det er derfor fint om treningsavgift vert betalt so snart som mogleg slik at du er forsikra frå dag 1. er som følger:

Kven Sum
Born fødd i 2019– 2013 (barnefotball) 700,-
Born fødd i 2012 – 2006 (ungdomsfotball) 1500,-
Senior 1800,-
Trimgjeng/Sofaslitere/Husmødre/Old Boys 700,-

I tillegg til treningsavgifta skal ein stå som medlem av Øystese Fotballklubb. Dersom du ynskjer å vera med å bestemme må du vera medlem for å kunne avgje stemme på årsmøte og liknande.

Type medlemsskap Sum
Familiemedlemsskap 500,-
Aktiv vaksen (over 18) 300,-
Born 200,-
Støttemedlem 100,-

Alle foreldre som har born i fotballen vert kalla ut på EIN dugnad i løpet av året. Den eine dugnaden er Øystese Cup som vert avvikla 23-25. mai og 30. mai-1. juni. Her vert alle foreldre kalla ut på dugnad. Ein unge i fotball = Ein foreldre vert satt opp. To eller fleire unger i fotball = To foreldre vert satt opp. Spelarar over 14 år vert i tillegg kalla ut som seg sjølv.  Dette er hovudinntekskilda til Øystese Fotball og derfor viktig at alle stiller. 1 dugnad på 4 timer er uansett svært lite i løpet av eit år samanlikna med andre lag og organisasjoner.

Tidspunkt Kva Kven vert kalla ut på dugnad
23. – 25.mai Øystese cup der Øystese-lag deltek Foreldre 2019 – 2013
30.mai – 1.juni Øystese cup uten Øystese-lag Foreldre 2012 – 2006 + spelarar over 14 år. (2011-mod.)

Har du kamprapportar, bilder eller anna stoff som du ynskjer skal publiserast på nettsidene til Øystese fotball?
Send det  til Øystese fotball på epost nettside@oystesefotball.no.

Om det er andre bilder enn oversiktsbilder / bilder langt vekke av fleire, hugs å få godkjenning av dei det gjeld til bildebruk.

Alle spelarane i Øystese er forsikra. Forutsetninga for dette er at treningsavgift er betalt. Alle skader som medfører besøk på legevakt eller kan medføre utgifter seinare må registrerast om du skal få refusjon for utgiftene. Det er spelaren sjølv, eventuelt med hjelp av foresatte, som er ansvarleg for å melda inn skaden.
NFF skademeldingsskjema og meir info om fotballforsikringa finn du på vedlagte link: . https://www.fotball.no/klubb-og-leder/forsikring/

Gjennom barn og ungdoms deltakelse i fotball vil omtrent annenhver husstand ha et forhold til fotball, enten som deltaker, som tillitsvalgt eller som foreldre/foresatte. Denne frivillige innsatsen utgjør selve fundamentet norsk fotball bygger på og er avhengig av. Stor deltakelse fra foresatte, foreldre og besteforeldre vil i framtida være avgjørende for å kunne gi barn og unge et godt fotballtilbud.

Foreldrevettregler
Som foresatte og foreldre kan du bidra til å gjøre barnefotballen til en opplevelse for barna. Her er noen huskeregler:

1. Møt opp til kamp og trening – barna ønsker det

2. Gi oppmuntring til alle spillerne under kampen – ikke bare dine kjente

3. Oppmuntre i medgang og motgang – ikke gi kritikk!

4. Respekter lagleders bruk av spillere – ikke forsøk å påvirke han/henne under kampen

5. Se på dommeren som en veileder – respekter avgjørelsene!

6. Stimuler og oppmuntre ditt barn til å delta – ikke press det

7. Spør om kampen var morsom og spennende – ikke bare om resultatet

8. Sørg for riktig og fornuftig utstyr – ikke overdriv

9. Vis respekt for arbeidet klubben gjør – delta på foreldremøter for å avklare holdninger og ambisjoner

10. Tenk på at det er ditt barn som spiller fotball – ikke du

11. Vis respekt for andre – ikke røyk på sidelinja

12. Husk at barna gjør som du gjør – ikke som du sier

Øystese fotball utarbeida i 2016 ein sportsplan for drifta og gjennomføring av aktivitetar i klubben.
I denne planen finn ein all informasjon ein treng som trenar, oppmann eller forelder.

Last ned sportsplan

Seriekampar i 5erfotball   vert dømt av foreldre, trenar, oppmann eller klubbdommarar. Seriekampar i 7erfotball vert dømd av klubbdommere. Ungdomsfotball får sporadisk sett opp dommarar, elles må laga sjølv ordna dommarar.

Oversikt dommarar Øystese fotball

NFF sine sider om reglar, tips, osv.

Hospitering er til FOR spelaren og utvikling av enkeltindivid, hospitering er ikkje til for at lag skal ha resultatfokus og vinne fotballkampar. Les meir i sportsplanen.

MX Sport Øystese har gode rabattar på klubbklede. Ta kontakt med MX Sport for å bestille.

Klubben har utarbeida oversiktar over arbeidsoppgåver som lagleiar/oppmann. Sjå også sportsplanen.
Lagleiarmanual barnefotball

Lagleiarmanual ungdomsfotball

Alle ansatte og trenarar i Øystese fotballklubb skal levera inn politiattest.

Klubben jobbar for at alle lag, styret og involverte i Øystese fotball skal jobba etter retningslinjer for etikk, moral og fair play. Les om dette her.

Gå til toppen