17 april er det serieopning på Øystese stadion. Og for ein serieopning det vert!
Tidenes beste 6.divisjonslag ,Fyllingen er motstander i fyrste kamp.
Fyllingen er ubeseira i offisiell kamp dei siste 15 åra! .
Fyllingen og Løv Ham fusjonerte i 2011, men Fyllingen starta opp på nytt i fjor og gjekk då ubeseira gjennom serien. Samtidig vann dei alle kampane i ballsparkcupen. Dei har og starta årets sesong med å slå fjorårets 3 divisjonslag Lyngbø ut av cupen samt smadra andre lag i treningskamper.
Fyllingen har fleire stjerner i laget sitt men den største stjerna er Erik Huseklepp med 36 landskamper for Norge og ein lang karriere i Brann. Før seriestart har Fyllingen forsterka med ein stopperduo frå Åsane med nærmare 500 kamper i OBOS ligaen. Erik Wollen Steen og Martin Ueland er blant landets beste stoppere.
Kan Øystese sine unge lovende talenter ha ein sjanse mot dette aldrende stjernegalleriet ? David har slått Goliat før og sjansen er større om Øystese sin 12 mann er på plass!
250 barnespelarar stiller i blått og me har ein ambisjon om å stille fleire på tribunen enn det Åsane klarer i OBOS ligaen!
Me vil sjå deg i blått for å hjelpe Øystese i kampen om 3 poeng. Fyllingen skal merke at det ikkje vert enkelt å plukke poeng i Hardanger.
1-2-3 Øystese!

